torsdag 11. januar 2018

Kulturfondet i Odda 2018

Kulturfondet i odda skal stimulerer kultur og næring. 
Kulturfondet er eit kommunalt verkemiddel oppretta for å initiera nyskaping og utvikling innan
heile kulturfeltet. Fondet er og eit verkemiddel for næringsutvikling.

Det vert ytt tilskot til
a. Nyetableringar
b. Prosjektutvikling i eksisterande føretak.

Krav til søknaden
a. Søknaden må beskriva kva tiltaket går ut på - ”forretningsideen”
b. Det må vera budsjett og finansieringsplan for tiltaket
c. Ansvarleg søkar og organisering av tiltaket skal gå tydeleg fram av søknaden
d. Forventa sysselsettingseffekt skal omtalast
e. Om søknaden er eit utviklingsprosjekt som går over fleire budsjettår må den vera
periodisert tilsvarande.

Søknader som ikkje tilfredsstiller desse krava vil ikkje bli lagt fram for fondsstyret med
tilråding om løyving. Det er ikkje utarbeidd søknadsskjema.



Avgrensingar
Det vert ikkje gitt støtte til driftsføremål, og det vert heller ikkje garantert for lån /gitt lån. Det
kan i regelen ikkje påreknast støtte ut over 1/3 av finansieringsbehovet.

Søknadsfrist
Søknader skal stilast til :Odda kommune Opheimsgt 31, 5750 Odda – eller
Postmottak@odda.kommune.no og må vera mottekne: Innan 12. februar 2018

Andre opplysingar
Økonomisk ramme for vedtak i 2018 er kr 150.000
Spørsmål kan rettast til Harald Jordal tlf. 9755 8402 / harald.jordal@odda.kommune.no

Kulturfondet er i prinsippet søknadsope heile året. Søknader som ikkje er mottekne eller
varsla innan fristen har ikkje krav på å bli vurdert på like vilkår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar